torsdag 2. februar 2017

UKM 2017 - Jondal, Ullensvang og Odda

Foto fra Hardanger Folkeblad
 Jepp!
Her ser de nokre av dei som går vidare til fylkesmønstringa i april.
I år var rett og slett samtlege UKM-innslag frå Odda prega av kulturskuleelevar.
Flotte musikkinnslag.
Jondal kommune bidro også med to nummer, og eitt av desse, eit "bluesande" innslag på gitar, gjekk også vidare til fylkesmønstringa.  Flott levert av Tiril Eiken.

Vi håper og trur at vi nå ser ein oppgang på UKM-fronten i Odda og går for at mønstringa i 2018 blir eit ytterlegare oppsving!!  Stå på folkens!!



Bandet Hall of Fame gjekk vidare med låta "Close".  Denne låta hadde dei laga sjølv, - ganske så imponerande!!  Magnus Børve representerte dagens jazzinnslag.  Magnus har gjort stor framgang på saxofon, og juryen måtte også understreke at det til tider er befriande å lytte til reine instrumentalnummer.

Malene Kristensen stod for det tredje innslaget som gjekk vidare frå Odda.  Ei koreansk låt - sjølvlaga koreografi, samt vokal/rap, gjorde dette innslaget til ei spesiell og flott oppleving.
Vi takkar alle deltakarane for gode bidrag, og ønsker dei som gjekk vidare ein særskild "lukka til"!!

Jondal, Ullensvang og Odda kommune samarbeider om gjennomføringa av UKM.  Det er kjekt!
Dei driftsansvarlege på Meieriet kulturhus, Bodil Skjerven og Stein Egil Legård, hadde tilrettelagt for eit flott arrangement!  Men, neida, ikkje aleine:-)  Ungdomsrådet tok sin del av ansvaret og stod for både konferansierjobben, jurydeltaking og sårt trengande servering i kiosken.

Eit flott publikum, og ein strålande hjelpsam lydmann.  Alt gjekk som smurt!
Vi håper at Odda sin ordførar, Roald Aga Haug, også hadde ein kjekk føremiddag.  Riktignok som far til ein av deltakarane, men forhåpentlegvis også som stolt ordførar etter å ha vore med på eit flott kulturelt arrangement.

Vi treffest igjen til neste år:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar